Klasseleiing og relasjon lærar – elev
I dette blogginnlegget skal eg skrive om
klasseleiing og relasjonane mellom lærar og elev. Dette er noko av det
viktigaste ein kan ta tak i for å klare å få til ein god læringssituasjon i ein
klasse. Læraren sin kompetanse i det å etablera gode relasjonar til elevane og
det å vera ein tydeleg leiar, vil spela ei sentral rolle når ein skal skapa eit
godt læringsmiljø. Det å få til å utvikla positive og gode relasjonar til
elevane sine er eit kontinuerleg arbeid. Det krev at læraren må spele på mange mellommenneskelege
strenger på ein gong. At elevane føler seg godtatt, byggje opp tillit og det å
kunna verdsetja og sjå den einskilde elev vil vera sentrale element for å kunna
utvikla og oppretthalda positive relasjonar til elevane.
Klasseleiing dreier seg om å ha kunnskap om
samspelet med elevane ein har i klasserommet. Terje Ogden trekkjer ein
parallell mellom leiaren i klasserommet og ein god fotballdommar som skal ha
oversikt over spelet. Ein skal ikkje miste kontrollen ved å tillate for mykje,
men heller ikkje bryte opp det som skjer med for mange inngrep (Ogden, 2009).
Ein må derfor finne seg ei grense for kva ein tolererer i klasserommet, og kva
ein skal slå ned på. Denne grensa bør ein deretter følje konsekvent. Det gjer
at ein blir forutsigbar for elevane. I min klasse betyr det for eksempel at
datamaskinar ikkje skal vere i bruk utan at dei har fått beskjed om å bruke
dei. Dette veit elevane, og viss nokon prøver seg på å ha dei oppe når me ikkje
treng pc, må eg vere rask med å gje beskjed om dette. Elles kan det lett skli
ut og me vil få mange unødvendige og tidskrevande diskusjonar om dette. Eg
prøver og å vere flink til å gje tilbakemeldingar på positiv åtferd, og kanskje
oversjå negativ åtferd viss det ikkje er så alvorleg at eg det er naudsynt å slå
ned på det. Etter mi meining og mine erfaringar vil ei rettferdig, tydeleg og
konsekvent handheving av reglane i klassen gjera kvardagen lettare for både
elevane og læraren.
Det at elevane
opplever at dei får hjelp, støtte og ei tilpassa opplæring frå læraren har
mykje å seie for korleis elevane opplever relasjonen til læraren. Vidare heng
relasjonen til læraren sterkt saman med elevane sin innsats og indre motivasjon
for skulearbeidet. Måten klassen blir leda på, måten læraren legg opp til eit
godt sosialt samspel og måten læraren legg undervisninga si opp, er avgjerande
for kva kunnskap elevane sit igjen med. For læraren handlar det om å lede
klassen på ein slik måte at kvar enkelt elev opplever å ha ein positiv og
meiningsfull relasjon til læraren. Relasjonen må vera prega av respekt,
forståing og tillit (Bergkastet, Dahl, Hansen, 2009). Kvart skuleår startar eg
med ein lengre elevsamtale med kvar elev. Dette gjer eg ein av dei første
skuledagane på hausten. Dette for å bli kjent med kvar enkelt elev heilt frå
starten av og gje dei moglegheit til å fortelje meg ting som er viktige å vite før
me startar opp undervisningsåret. Då kan eg lettare lage opplegg som passar
klassen og elevtypane eg har der. I tillegg får eg forhåpentlegvis vite litt om
problem dei har, som eg bør ta omsyn til i undervisningssamanheng. Alle elevane
stiller med ulike læreforutsetningar, bakgrunn, interesser, familieforhold og
evner. Dersom ein kjenner elevane, har ein større moglegheit til å skape eit
godt læringsmiljø for flest mogleg i klassen. Eg opplever desse samtalane som
veldig positive, og som ein god start på relasjonsbygginga med elevane. Vidare
igjennom skuleåret har eg ei rad
både formelle og meir uformelle samtalar med elevane for å danna meg eit bilde
av korleis utviklinga er fagleg og sosialt i klassen.
Dersom ein som lærar viser ekte interesse for at den einskilde
elev skal ha det bra på skulen og at det skal vera eit godt klassemiljø med
fagleg utvikling, vil dette vera med på å styrkja motivasjonen og
læringsresultatet i heile klassen.
Å sjå kvar einskild elev handlar og om å gje positive
tilbakemeldingar til dei i kvardagen. At alle elevane får merksemd i
skulekvardagen og føler at dei blir sett, vil etter mi meining vera med på å
skape tryggleik og gje ein følelese av at dei betyr noko. Slik vil den einskilde
føle seg akseptert og som ein del av klassen.
Som lærar må ein vere bevisst på korleis ein opptrer som
leiar i gruppa. I følgje teorien er det fire ulike typar leiarstilar. Dette er;
den forsømmande, den autoritære, den ettergivande og den autoritative. Desse
fire leiarstilane finn me igjen i denne modellen:
Dimensjoner i
klasseleiing,
(Nordahl, 2012)
Aksen som går loddrett i figuren viser kor stor grad kontroll
leiaren har. Til lenger opp på aksen ein kjem, til meir kontroll har ein. Den
vassrette aksen viser kor god relasjonen ein har med elevane sine. Relasjonen
blir betre og betre dess lenger til høgre ein kjem på figuren. Ein reknar den
autoritative leiarstilen som idealet og det ein skal jobba mot. Då har ein stor
grad av kontroll i klassen, samstundes som ein har ein god og tett relasjon til
elevane. Denne
figuren kan hjelpe lærarar til å tenkje over kor ein står sjølv og i kva
retning ein bør bevege seg for å oppnå best mogleg klasseleiing. Ein kan lett
bli litt for mykje «kompis» og på denne måten miste noko av kontrollen i gruppa,
eller ein bli så opptatt av kontroll at ein ikkje klarar å skape dei gode
relasjonane til elevane som ein treng.
Det å jobbe som lærar og undervise i ein klasse er både
utfordrande, spennande og krevjande på ein gong. Det er eit unikt samspel i
klasserommet, der små grep kan gjere store skilnader. Eit klassemiljø er aldri
statisk, og ting endrar seg stadig. Som lærar må ein vere bevisst på eigne
handlingar og i tillegg sjå behova til kvar enkelt elev.
Eg opplever at det å byggja gode relasjonar til elevane sine,
er ein føresetnad for å skapa eit godt læringsmiljø der kvar einskild elev skal
få føle mestring, tryggleik og tillit. Med eit godt klassemiljø der alle er
trygge på kvarande, vil ein kunne auka motivasjonen og arbeidsinnsatsen hos
elevane. Dette vil igjen føre til betre læringsutbytte hos den enkelte elev.
Kjelder:
Bergkastet, Inger., Dahl, Lasse., og
Hansen, Kjetil Andreas. (2009). Elevenes læringsmiljø – lærerens muligheter.
Oslo. Universitetsforlaget.
Ogden,
Terje (2009) Kvalitetsskolen. Oslo.
Gyldendal Norsk Forlag.
Lyngsnes, Kitt, Marit Rismark (2007) Didaktisk arbeid. Oslo. Gyldendal Norsk Forlag.
Figuren: Dimensjonar i klasseleiing, Nordahl,
Thomas (2012).
http://www.udir.no/Upload/Laringsmiljo/Konferanser/BLM12/BLM12_Thomas_Nordahl.pdf
Du er flik til å variere mellom teori og eksempler og den teoretiske fremstillingen er slik at jeg føler jeg kan lese det som en repetisjon til eksamen. Burede kanskje fulgt ditt eksempel, men vi trenger sikkert litt variasjon. Det du skriver om grensesetting og nødvendigheten av og være konsekvent er et tema som har vært veldig aktuelt i den senere tid på skolen jeg jobber på. Man kunne kanskje tro at siden jeg underviser studenter som er i voksen alder, snitt på 2-23 år, så burede ikke sosiale medier og avislesning være det som preger studentens fokusområde i en undervisningssituasjon. Jeg har kommet til samme konklusjon som deg og praktiserer klare grenser fra dag en for å unngå at det skal skli ut.
SvarSlettDet du behandler i avsnittet Dimensjoner i klasseleiing, inkl. figuren, er ganske nyttig å reflektere over. Jeg tror selv at jeg har behov for å bli litt bedre klar over hvor jeg bør befinne meg og kjenner igjen begge ytterlighetene som du beskriver som ”for god kompis” og kontrollfrik med relasjonsproblemer.
Hei JIA
SvarSlettEg likte veldig godt bloggen din og ser at du har satt deg godt inn i teori omkring det å ha kontakt med elevane. Du refererer godt til teori omkring relasjoner og er truverdig i måten du får dette til i praksis. Startsamtalar brukar eg sjølv også og ser klart viktigheten av desse. Har likevel erfart at elevar ikkje helt opnar seg om sine problem i startsamtalen, så det er viktig å bygge tillit og ha fleire samtalar, slik du også beskriv det.
Det ser og ut til at du har ein god kustus på elevane omkring bruk av PC i klasserommet. Klare reglar er viktig og handheving av desse er like viktig. Det virkar til tider som du er litt for streng, men når du samtidig har full kontroll og god relasjon til elevane fungerer dette sikkert heilt flott.
Det du kanskje kunne beskrevet litt betre er tilbakemeldingar frå elevane på klasseleiinga. Ser du at elevane utvikler sosiale og faglige ferdigheter ved din autoritative klasseleiing?
Sluttinnlegg
SvarSlettTakk for gode kommentarar og tilbakemeldingar! Det er godt å dele erfaringar og det er fint å få et lite innblikk i dykkar skulekvardag!
Som eg skreiv i hovudinnlegget så skreiv eg om klasseleiing og relasjonane mellom lærar og elev i min skulekvardag. Dette meiner eg er noko av det viktigaste ein kan ta tak i for læringssituasjonen og tryggleiken for elevane i ein klasse. Det at eg prøver å etablera gode relasjonar til elevane og i tillegg det å vera ein tydeleg leiar, synst eg er viktig når ein skal skapa eit godt læringsmiljø. Det å få til å utvikla positive og gode relasjonar til elevane mine føregår heile tida. At elevane føler seg godtatt, byggje opp tillit og det å kunna verdsetja og sjå den einskilde elev vil vera sentrale element for å kunna utvikla og oppretthalda positive relasjonar til dei. Og når ein lykkast med dette, opplever eg at elevane kjem å gjer beskjed dersom det er ting dei har behov for å snakke om. Dette kan gjelde både faglege spørsmål eller private ting som dei treng hjelp til.
Elevane i klassen utviklar seg svært godt både sosialt og fagleg. Det er eit veldig godt klassemiljø, og dei kan snakke med kvarandre om det meste. Både faglege ting og kva dei gjere på fritida. Andre lærarar seier og at det er den kjekkaste klassen dei har, og elevane igjen skryter til meg over lærarane.
Elles fungerer det godt å møte elevene på andre arenaer enn i klasserommet. Dersom ein underviser elevene i programfag er det fint å skape relasjonar i verkstaden. Nokon andre forslag er ekskursjonar til bedrifter eller tilsvarande steder som til dømes kan kombinerast med å gå ut og ete eller gjere noko anna sosialt i lag.
Det som Elektrolæraren skriv om at eg verkar som ein autoritativ leiar, er nok ikkje alltid slik. Bilete er nok kanskje ikkje så rosenrødt som eg beskriv i innlegget. I kvardagen så blir det jo enkelte kampar, men desse er det viktig å ta. PC reglane er felles på skulen, så dette er noko dei fleste aksepterer og er vant med. Men dersom ein lar dette skli ut, kan det vere vanskeleg å stramme inn igjen seinare. Derfor er det viktig å setje grensa frå starten av og vise at dette er noko eg meinar og står for det.
Til slutt vil eg minne om at forholdet mellom lærer og elev ikkje er noko kompis-forhold, men at det er et asymmetrisk forhold. Det er til ei kvar tid læraren som har ansvaret for relasjonen mellom seg og elevene, og læraren må være bevisst på at han har stor makt i forhold til elevene sine. Som eg beskriv i hovudinnlegget, så ser eg på samtalen i starten av året som ein viktig start på relasjonsbygginga med elevane. Den formelle samtalen er nyttig, men det er kanskje dei uformelle samtalene med elevene gjennom året som i størst grad bygger relasjonar.
Hei Jia:)
SvarSlettInnlegget ditt treffer i forhold til oppgaven, og jeg mener du legger frem teori og egne opplevelser på en oversiktelig og god måte. Det at du trekker frem figuren som omhandler de ulike dimensjonene i klasseleiing, satidig som du forklarer den, viser at du har har god kontroll på emnet og hvordan det fungerer i praksis. Jeg ser for meg at de elevsamtalene du beskriver er nyttige i relasjonsbyggingen og i forhold til undervisning, der du har muligheten til å innskaffe nyttig informasjon om personen som du kan nytte i hverdagssamtaler og undervisningssituasjoner. Du viser med dette at du er bevist viktigheten av din interesse overfor hver enkelt elev.
Om jeg skal komme med en oppfordring vil der være å fokusere på aktiviteter og oppgaver der du som lærer samhandler med elevene som likestilt. Dette kan være skolerellatert, men ikke nødvendigvis. Lek med fokus på egenverdi er ypperlig i denne sammenheng. Etter mine erfaringer har denne type aktiviteter gitt gode relasjoner til elevene, noe som gjør klasseledelse til en mer overkommelig oppgave.