tirsdag 27. september 2011

Mappeoppgåve 2

Vygotsky


I denne oppgåva skal eg gjere greie for hovudinnhaldet i læringssynet/motivasjonssynet til ein sentral teoretikar og drøfta kva konsekvensar det synet kan få for mi undervisning. Eg har vald å presentere litt om teoriane til Lev Vygotsky (1896-1934). 

Vygotsky var ein av dei fremste russiske teoretikarane. Han var eit barnegeni, og blir sett på som “psykologien sin Mozart”. Teoriane hans blir mykje brukt i pedagogisk samanheng. Han var født i Kviterussland og høyrte til den jødiske middelklassen. Faren hans var bankmann, og mora var lærar. Vygotsky studerte jus, historie og filosofi.

Han var ein av dei første som anerkjente kulturen og miljøet si tyding i sjølve læringsprosessen, og at utvikling og læring skjer i samspelet mellom individ og miljø. Dette er noko eg føler er viktig lære meir om. Skal ein ha om læring, er det viktig å ha fokus både på den som lærer og omgivnadane som ein blir påverka av. “Motsetnadane” mellom individet og fellesskapet har i lange tider vore eit dilemma i psykologien. Korleis kan me vere både sjølvstendige individ, men samtidig tenkjer og føler innanfor den kulturen me tilhøyrer? 








http://www.marxists.org/archive/vygotsky/images/portrait.jpg


Nokre av hovudtrekka i teoriane

Vygotsky forsøkte å sameine den filosofiske sida av marxismen, med psykologi om mennesket si utvikling og sosialisering til samfunnsindivid. Det er tre punkt som her er viktige:

1)  Det er feil å beskrive mennesket som “generaliserte” individ, avskilt frå den sosiale og historiske samanhengen mennesket lever under. Menneskets levekår påverkar detts tenkemåte, akkurat som arbeid og produksjonsformer påverkar kultur og tenking. Det er felles eigenskapar i våre omgivnader som gjere at me forenes i måtar og tenka og forstå kvarandre på.

2)  Bruk av reiskaper kan hjelpe mennesket framover og til og forbetra sine levekår. Vygotsky utvida dette til ikkje berre og gjelda teknologiske reiskaper, men også mentale reiskaper.

3)  Me kan nå lenger med å stå saman, ved å forene krefter og samarbeide, enn om me strever aleine. Dei kollektive prosessane blir derfor viktige, også i psykologisk samanheng.
(Imsen, 2010, s.253)

Dei to første punkta har prega mykje av Vygotsky sin teori. Eit anna viktig poeng som kjenneteiknar teoriane hans, er at han kom eit stykke på veg i det å løyse den “knuten” som er mellom det sosiale og det individuelle innan psykologien. Dette klarte han ved å innføre tanken om reiskapar på det mentale planet. Han var den fyrste til å anerkjenne kulturen og miljøet sin betyding i læringsprosessen. Utvikling og læring skjer i samspelet mellom individ og miljø.

Vygotsky bruker tanken om reiskap for å forklare korleis me får kunnskap og sosialiserast som menneske. Den viktigaste reiskapen me har til dette, er språket, og då først og fremst talen. Han meiner den intellektuelle utviklinga har sitt utspring i språket som sosialt fenomen og at språket blir brukt som reiskap for å meistre omgivnadane.

Språket til menneske den første tida, er prega av kommunikasjon utan ord mellom spedbarn og vaksen. Så byrjar barnet å sei sine første ord og dei snakkar til seg sjølv om det dei gjer. Dette er byggjesteinar for vidare tenking, i følgje Vygotsky. Dette er det han kallar det for egosentrisk tale. Den egosentriske talen utviklar seg etter kvart på det indre plan, slik at barn kan bruke den til å tenkje og leggje planar sjølv. Allereie i førskulealder har den egosentriske talen utvikla seg til å bli ein taus indre tale. Det gjer det mogleg med sjølvrefleksjon og bevisstgjering. Språket gjer altså at ein kan reflektere over seg sjølv. Det vil sei at talespråket først kun er ein sosial aktivitet. Men etter kvart deler språkfunksjonen seg i to. Ein får eit sosialt språk til å kommunisere med andre med, og eit “egosentrisk” språk som ein tenkjer med.

Dette kjem fram i figuren under, som viser språket sine to funksjoner, ifølge Vygotsky sin teori.





Den klassiske behavioristiske psykologien hadde som utgangspunkt at det er eit direkte samband frå stimulans til respons under læring, den kjente S-R samanhengen. Noko som Pavlov, Thorndike og Skinner tok utgangspunkt i. Vygotsky har i sin teori set inn eit kognitivt “reiskap” mellom stimulans og respons. Dette kallar han for teikn. Med dette meiner han at mennesket erstattar sjølve tinga med språklege symbol i tankane sine. Dette kallast mediering og Vygotsky har vist dette med figuren under.






Mediering gjennom språk hjelper individet til og kontrollera eigne handlingar. Språket blir dermed viktig for den sjølvstendige tenkinga.
Eit anna viktig poeng i Vygotsky sin teori, som har stor pedagogisk interesse, er korleis utviklinga går frå det sosiale til det individuelle. Denne teorien seier noko om korleis barnet kan utføre ei oppgåve i lag med andre, før dei er i stand til å gjere den aleine. På den måten blir vaksne ein slags hjelpar for barnet, ved å vise eller forklare korleis noko skal gjerast. Vygotsky var klar på at hjelparen til barnet måtte vera ein vaksen eller ein annan person som visste meir om emnet enn barnet, for at det skal fungere som ein medierande hjelpar.

Forskjellen mellom det ein person klarer aleine og det den klarer med hjelp og støtte frå andre, kallar Vygotsky den proksimale utviklingsona, vist i figuren under.







Dei aktuelle teoriane i praksis

Vygotsky sine teoriar om kommunikasjonsorientert pedagogikk, er noko av bakgrunnen for den store merksemda denne type pedagogikk har fått dei siste tiåra. Elevene skal samarbeide om skulearbeidet, og dei skal få meir erfaring i å utrykke seg språklig. Dette kan skje gjennom samarbeidslæring og prosessorientert skriving. Viss elever sit saman og strevar seg fram til ei løysing i lag, er dette sosial konstruktivisme, ikkje mediering, ifølge Vygotsky. Sjølv om han meiner dette, kan ein ikkje sjå vekk frå at ein elev er sterkare enn den andre og at det kan skje læring.
                                                                                                              
I følgje teoriane til Vygotsky ligg den pedagogiske utfordringa i å utnytte den proksimale utviklingsona best mogleg. Dette gjer ein ved å stimulere barnet til aktivt å arbeide saman med andre. I tillegg må ein gje hjelp og støtte til barnet for at dei skal klare oppgåva på eiga hand. Barnet deler den proksimale utviklingsona med læraren. Størrelsen på sona vil variere for den enkelte saman med læraren og lærestoffet. For læraren betyr dette at ein må kjenne elevane godt, for å kunne vite kvar dei står og kor grensa går for kva eleven kan prestere med hjelp. Teorien om den proksimale utviklingsona får konsekvensar for diagnostisk testing av elevar. Testane må gje svar på kva barnet kan utføre åleine, og kva dei klarer med hjelp. Testane må ha både ein dynamisk og ein statisk del. Når ein har funnet den ytre grensa, blir undervisninga lagt opp slik at eleven skal kunne fungere sjølvstendig på dette nivået. Klarer ein dette kan ein gradvis flytte grensene vidare mot nye mål.

Vygotsky sin teori kan også forsvare bruken av “gammeldags” tavleundervisning, der læraren gjennomgår oppgåver for elever i grupper. Det viktige med denne forma for undervisning, er at læraren må forstå nivået til elevene og kunne forstå korleis elevene tenker. Dei må ha eit tankesamarbeid.

Ein må ta omsyn til kva elevar ein har med og gjere, og vite litt om kva bakgrunn dei har når ein skal planlegge undervisning. Kva bakgrunn og miljø dei kjem frå, påverkar tenkjemåten deira og korleis dei tolkar ting som blir sagt. Ein kan ikkje generalisere elevar i ein klasse.

Utfordringar er viktig i Vygotsky sin meining om læring og utvikling. “Undervisningen er god bare når den løper foran utviklingen, hevdet han. For da vekker den til live de funksjoner i den proksimale sonen som er i ferd med å modnes” (Imsen, 2010, s. 261. Wertsch, 1985a, s. 71). Undervisninga skal hjelpa den naturlige utviklinga, ikkje motarbeida den.

Undervisninga må leggast på eit slikt nivå at elven må strekka seg innan for det området eleven beherskar. Dette er teorien om den proksimale utviklingsonen, og tilpassa opplæring. Ein kan sjølvsagt ikkje klara å følgja eleven sitt utviklingsforløp, parallelt med undervisningsforløpet. Då utviklinga til eleven vil ligge noko etter, sidan framgangen i undervisninga som regel vil ligge noko føre utviklinga til eleven. 




Kjelder:
Imsen, Gunn (2010) Elevens verden. Oslo: Universitetsforlaget.
Lyngsnes, Kitt. Rismark, Marit (2010) Didaktisk Arbeid. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS
http://www.marxists.org/archive/vygotsky/images/portrait.jpg


3 kommentarer:

  1. Jeg synes du her har greid å ta ut Vygotsky sine teorier på en oversiktelig og forståelsesrik måte. Du stykker teoriene godt og forklarer de med gode eksempler. Bruken av bilder står i god stil med presentasjonen av teoriene. Parallelt med eksempler beholder du de formelle begrepene på en slik måte at du ikke mister tråden i det du forklarer. En ryddig og lettleselig presentasjon hvor leseren slipper å lete etter meningen i enkelt beskrivelser. Når du presenter Vygotsky sine teorier så bra, kan det hende jeg savner litt mer konkret om relasjoner rundt din egen undervisning. Uansett har du fått frem poenget, med Vygotskys nyttefulle syn på barn i en læreprosess. Beskrivelsen av hans metoder gjennom det sosialkulturelle perspektivet bringer oss rett inn i klasserommet:)

    SvarSlett
  2. MB sa den 14.10.2011 på mail til JIA pga tekniske problem
    «Teksten din har en god oppbygging. Du gir først en kort, oppsummerende presentasjon av personen Vygotsky, før du skriver om hovedpunktene i teorien hans, og til slutt avslutter du med å diskutere den praktisk pedagogiske rekkevidden av teorien. I tillegg er det bra at du har med flere figurer som er med på å forklare en del av begrepene som Vygotsky bruker. Men du kunne kanskje vært tydeligere på å definere eller forklare, gjerne gjennom eksempler, begrepene mediering og proksimal utviklingssone når dette innføres på slutten av tekstdelen som handler om Vygotskys teori. Dette er ikke lett siden teorien er kompleks og du er begrenset av oppgavens rammer.
    Videre har du i starten av oppgaven argumenter godt for hvorfor du har ønsket å skrive om akkurat Vygotsky og sosiokulturell teori. På slutten av oppgaveteksten har du med et avsnitt hvor du sier at det er viktig å kjenne elevene godt, både deres kognitive og sosiale ferdigheter, når man skal planlegge undervisningen. Dette siste punktet tolker jeg dithen at det handler om de praktiske konsekvensene Vygotskys teori får for din undervisning. Jeg synes at dette burde kommet tydeligere frem av teksten.
    Jeg kan ikke se at du har referert til boken til Kitt Lyngsnes og Marit Rismark i teksten selv om du har skrevet opp denne boken i referanselisten.»

    SvarSlett
  3. Takk for gode og konstruktive tilbakemeldingar!

    Eg ser det at relasjonen mellom eiga undervisning og teoriane til Vygotsky kunne komme tydlegare fram i teksten min. Dette skal eg ta med meg i det vidare arbeidet. Det var bra at sjølve oppgåva var lett å lese for lesarane. Dette var noko eg hadde stort fokus på da eg skreiv oppgåva mi.
    Når det gjeld det å referere til boka «Didaktisk arbeid» av Lyngsen og Rismark i oppgåveteksten, så er det ikkje gjort av den grunn at eg har lese deler av boka og brukt noko av det eg har tileigna meg av kunnskap frå den boka i oppgåva. Eg har ikkje brukt direkte avskrift, sitat eller figurar frå den boka i teksten min. Då blei det heller ikkje naturlig etter APA standard å referere til boka i teksten min.
    Eg er heilt einig i at å bruke eksempler for å forklare begrep som mediering og den proksimale utviklingsonen hadde vore det beste, og eg var sjølv inne på tanken når eg skreiv om dette. Men på grunn av begrensinga på antall ord, såg eg meg nødt til og utelate eksempler her.
    I starten av oppgåva prøvde eg å argumentere for kvifor eg valde å skrive om denne pedagogiske retninga. I midtdelen er det mest ein rein presentasjon av teoriane, utan mine tolkingar. I slutten av teksten prøver eg å oppsummere, og presentere litt kva desse teoriane kan ha å bety i praksis for meg og min jobb som lærar. Og eg kan sei meg einig i at det kunne vore klarare poengtert frå mi side i avslutninga at dette var mine tankar om kva konsekvensar dette får for mi undervisning.

    SvarSlett