søndag 20. januar 2013



Klasseleiing og relasjon lærar – elev


I dette blogginnlegget skal eg skrive om klasseleiing og relasjonane mellom lærar og elev. Dette er noko av det viktigaste ein kan ta tak i for å klare å få til ein god læringssituasjon i ein klasse. Læraren sin kompetanse i det å etablera gode relasjonar til elevane og det å vera ein tydeleg leiar, vil spela ei sentral rolle når ein skal skapa eit godt læringsmiljø. Det å få til å utvikla positive og gode relasjonar til elevane sine er eit kontinuerleg arbeid. Det krev at læraren må spele på mange mellommenneskelege strenger på ein gong. At elevane føler seg godtatt, byggje opp tillit og det å kunna verdsetja og sjå den einskilde elev vil vera sentrale element for å kunna utvikla og oppretthalda positive relasjonar til elevane.

Klasseleiing dreier seg om å ha kunnskap om samspelet med elevane ein har i klasserommet. Terje Ogden trekkjer ein parallell mellom leiaren i klasserommet og ein god fotballdommar som skal ha oversikt over spelet. Ein skal ikkje miste kontrollen ved å tillate for mykje, men heller ikkje bryte opp det som skjer med for mange inngrep (Ogden, 2009). Ein må derfor finne seg ei grense for kva ein tolererer i klasserommet, og kva ein skal slå ned på. Denne grensa bør ein deretter følje konsekvent. Det gjer at ein blir forutsigbar for elevane. I min klasse betyr det for eksempel at datamaskinar ikkje skal vere i bruk utan at dei har fått beskjed om å bruke dei. Dette veit elevane, og viss nokon prøver seg på å ha dei oppe når me ikkje treng pc, må eg vere rask med å gje beskjed om dette. Elles kan det lett skli ut og me vil få mange unødvendige og tidskrevande diskusjonar om dette. Eg prøver og å vere flink til å gje tilbakemeldingar på positiv åtferd, og kanskje oversjå negativ åtferd viss det ikkje er så alvorleg at eg det er naudsynt å slå ned på det. Etter mi meining og mine erfaringar vil ei rettferdig, tydeleg og konsekvent handheving av reglane i klassen gjera kvardagen lettare for både elevane og læraren.

Det at elevane opplever at dei får hjelp, støtte og ei tilpassa opplæring frå læraren har mykje å seie for korleis elevane opplever relasjonen til læraren. Vidare heng relasjonen til læraren sterkt saman med elevane sin innsats og indre motivasjon for skulearbeidet. Måten klassen blir leda på, måten læraren legg opp til eit godt sosialt samspel og måten læraren legg undervisninga si opp, er avgjerande for kva kunnskap elevane sit igjen med. For læraren handlar det om å lede klassen på ein slik måte at kvar enkelt elev opplever å ha ein positiv og meiningsfull relasjon til læraren. Relasjonen må vera prega av respekt, forståing og tillit (Bergkastet, Dahl, Hansen, 2009). Kvart skuleår startar eg med ein lengre elevsamtale med kvar elev. Dette gjer eg ein av dei første skuledagane på hausten. Dette for å bli kjent med kvar enkelt elev heilt frå starten av og gje dei moglegheit til å fortelje meg ting som er viktige å vite før me startar opp undervisningsåret. Då kan eg lettare lage opplegg som passar klassen og elevtypane eg har der. I tillegg får eg forhåpentlegvis vite litt om problem dei har, som eg bør ta omsyn til i undervisningssamanheng. Alle elevane stiller med ulike læreforutsetningar, bakgrunn, interesser, familieforhold og evner. Dersom ein kjenner elevane, har ein større moglegheit til å skape eit godt læringsmiljø for flest mogleg i klassen. Eg opplever desse samtalane som veldig positive, og som ein god start på relasjonsbygginga med elevane. Vidare igjennom skuleåret har eg ei rad både formelle og meir uformelle samtalar med elevane for å danna meg eit bilde av korleis utviklinga er fagleg og sosialt i klassen.

Dersom ein som lærar viser ekte interesse for at den einskilde elev skal ha det bra på skulen og at det skal vera eit godt klassemiljø med fagleg utvikling, vil dette vera med på å styrkja motivasjonen og læringsresultatet i heile klassen.

Å sjå kvar einskild elev handlar og om å gje positive tilbakemeldingar til dei i kvardagen. At alle elevane får merksemd i skulekvardagen og føler at dei blir sett, vil etter mi meining vera med på å skape tryggleik og gje ein følelese av at dei betyr noko. Slik vil den einskilde føle seg akseptert og som ein del av klassen.
Som lærar må ein vere bevisst på korleis ein opptrer som leiar i gruppa. I følgje teorien er det fire ulike typar leiarstilar. Dette er; den forsømmande, den autoritære, den ettergivande og den autoritative. Desse fire leiarstilane finn me igjen i denne modellen:

Dimensjoner i klasseleiing,
(Nordahl, 2012)



Aksen som går loddrett i figuren viser kor stor grad kontroll leiaren har. Til lenger opp på aksen ein kjem, til meir kontroll har ein. Den vassrette aksen viser kor god relasjonen ein har med elevane sine. Relasjonen blir betre og betre dess lenger til høgre ein kjem på figuren. Ein reknar den autoritative leiarstilen som idealet og det ein skal jobba mot. Då har ein stor grad av kontroll i klassen, samstundes som ein har ein god og tett relasjon til elevane. Denne figuren kan hjelpe lærarar til å tenkje over kor ein står sjølv og i kva retning ein bør bevege seg for å oppnå best mogleg klasseleiing. Ein kan lett bli litt for mykje «kompis» og på denne måten miste noko av kontrollen i gruppa, eller ein bli så opptatt av kontroll at ein ikkje klarar å skape dei gode relasjonane til elevane som ein treng.

Det å jobbe som lærar og undervise i ein klasse er både utfordrande, spennande og krevjande på ein gong. Det er eit unikt samspel i klasserommet, der små grep kan gjere store skilnader. Eit klassemiljø er aldri statisk, og ting endrar seg stadig. Som lærar må ein vere bevisst på eigne handlingar og i tillegg sjå behova til kvar enkelt elev.

Eg opplever at det å byggja gode relasjonar til elevane sine, er ein føresetnad for å skapa eit godt læringsmiljø der kvar einskild elev skal få føle mestring, tryggleik og tillit. Med eit godt klassemiljø der alle er trygge på kvarande, vil ein kunne auka motivasjonen og arbeidsinnsatsen hos elevane. Dette vil igjen føre til betre læringsutbytte hos den enkelte elev.



Kjelder:
Bergkastet, Inger., Dahl, Lasse., og Hansen, Kjetil Andreas. (2009). Elevenes læringsmiljø – lærerens muligheter. Oslo. Universitetsforlaget.
Ogden, Terje (2009) Kvalitetsskolen. Oslo. Gyldendal Norsk Forlag.
Lyngsnes, Kitt, Marit Rismark (2007) Didaktisk arbeid. Oslo. Gyldendal Norsk Forlag.
Figuren: Dimensjonar i klasseleiing, Nordahl, Thomas (2012).
http://www.udir.no/Upload/Laringsmiljo/Konferanser/BLM12/BLM12_Thomas_Nordahl.pdf